E
LydkassettFleire format

Barn og ungdom

Ellinor

12–16 år 4 t 30 min
Storesøster Ruth fortel om ein periode i Ellinors og sitt eige liv, frå siste krigsvinteren til utpå sommaren med fred. Mamma og Ruth er alltid redde for koss det skal gå med Ellinor, vilter og trassig som ho er, og på spranget inn i vaksenlivet. Men Ellinor må finne ut av alt sjølv.
300,00 kr
Utgivingsår
1994
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252139464
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.