InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Vaken?: ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta

Leikent og lærerikt om dyr som er vakne om natta! Vaken? er ei fagbok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv?

399,00 kr
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.