Til eit Astrup-bilete og andre sonettar
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Til eit Astrup-bilete og andre sonettar

Olav H. Hauge var og er ein av Noregs kjæraste diktarar. Han skreiv tidlause dikt om livet og naturen. Nokre av dikta skreiv han som sonettar, og det er ingen tvil om at desse er nokre av dei beste dikta Hauge skreiv. I denne vakre gåveboka har vi samla over 30 sonettar frå diktaren si hand, inkludert nokre av dei han gjendikta av Shakespeare, Wordsworth og Spenser. Utval og etterord ved Stefan Andreas Sture. Til eit Astrup-bilete Kan henda drøymde dei um dette her å møtast på ein klote, på ein stad der hegg og apal stend i syreblad og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær ved fjorden? Vera saman, planta bær og så ein innvigd åker rad for rad med urter bak ein steingard som dei la kring helga lundar, dei som fyre fer? Dei er i riket sitt og sår si jord. Og vårnatti er ljos av draum og gror. Dei legg kje merke til at ein kjem stilt i snjoskardet og stig på vatnet no. Men då dei natta, såg dei månen vod i gullserk ute der so unders mildt.
399,00 kr
Sider
54
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009693
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.