Berge Furre: eit liv i rørsle
«Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Landet rundt mante minneorda fram den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend
gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår.
Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg ho at dette bildet måtte brytast opp.
Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Berge Furres liv, men biografen syner oss også prestestudenten som miste trua. Vi blir kjende med fredsvenen som hamna i naiv beundring for DDR. Kampen mot EU gjorde han til folketalar, avsmaken mot jappetida førte han tilbake til kyrkja. Som stortingsmann for SV kjempa Furre fram tverrpolitisk semje om betre bondekår, men han skapte splid med lovbrot og risikerte riksrett då han offentleggjorde hemmelegstempla dokument om amerikanske militære peilestasjonar i Noreg.
I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske.
Sitat frå melding
["«Et stykke biografi av de sjeldne. [...] Furres minne og hans betydning for norsk samfunnsliv kunne ikke ha blitt skildret bedre. [...] en spennende og medrivende bok som leseren får mye utbytte av å lese.» - Magnus Akselberg Iversen
Altinget.no "
"«framifrå biografihandverk» - John Peter Collett
Dag og Tid "
"«et fascinerende bilde av norsk politikk
kirkeliv og allminnelig offentlighet gjennom andre halvdel av det 20. århundre.» - Sven Egli Omdal
Stavanger Aftenblad "]
Arnhild Skre
(f. 1952) er norsk journalist og forfattar. Ho har solid røynsle som kulturjournalist gjennom meir enn tretti år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho har doktorgrad i historie og har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien om Hulda Garborg.
Litterære prisar
Brageprisen 2011
For biografien Hulda Garborg. Nasjonal strateg.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO