Røff guide til Bibelen
Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?
Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf - utgangspunktet for to verdsreligionar og ein grunnstein for den vestlege litteraturen og sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen?
For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han. Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.
Meldingar



Alf Kjetil Walgermo
Bibelen, og i 2020 kom Bibelens kvinner.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO