Skjønnlitteratur

Krysset er alltid ledig: Norge kan vinne VM og andre dikt

«Ekte fotballglede (…) Walgermo er en enorm fotballtilhenger og i denne diktsamlinga trekker han tråder helt tilbake til sin egen barndom på Sunnmøre og frem til det som skjer i VM akkurat nå (…) jeg tiltrekkes veldig ...»
— Nettavisen
Då det norske herrelandslaget kvalifiserte seg til fotball-VM i 2026, braut det fram ei glede som minte Alf Kjetil Walgermo om ungdomstida si på 1990-talet.

I denne diktsamlinga vev han saman moderne fotballhistorie med trådar frå norsk visjonsdikting og forfattaren si eiga livshistorie.

Dei leikne dikta opnar for jubel, spenning, nederlag og sigrar, og ber samtidig med seg eit eksistensielt alvor. Viktig er også den lysskapande funksjonen fotballen har i ei verd som iblant kan vere mørk.

Walgermo er sjølv ein del av Forfattarlandslaget og har spelt ei rekke kampar med flagget på brystet. I dikta møter du ei rad andre kjente namn, frå Rune Bratseth og Kjetil Rekdal til Martin Ødegaard, Antonio Nusa og Erling Braut Haaland.
329,00 kr
Sider
115
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234018015
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

«"Leve poesien, alt for Norge! (...) Alf Kjetil Walgermos vitaminbjørn av en utgivelse (...) Her er det bare å snøre på seg fotballstøvlene og kaste sitt eget fotballbankende hjerte med på ferden." 4 av 5 støvlar.»

— Moldepuls

«I «Krysset er alltid ledig: Norge kan vinne VM – og andre dikt» deler [forfatteren] fotballminner og betraktninger, noen felles for mange nordmenn, andre dypt personlige. Stilen er jordnær og diktene lett tilgjengelige ...»

— Aftenposten

«No skriv [Walgermo] «Alt for Norge» om egne sleivspark, kor viktig samhald og lagånd er, oppvekst, minner og sjølvsagt det som skal skje i landet til despoten Trump i sommar.»

— Dag og Tid

«Gjennom dikt som krinsar rundt draumar, siger, tap og fellesskap, utforskar [Walgermo] eksistensielle spørsmål med fotballen som utgangspunkt. … [Samlinga] kan treffe både erfarne lesarar og elevar som ikkje les så mykje lyrikk. … I skulen er dette ei diktsamling som kan skape engasjement, invitere til samtale og gi elevane erfaring med at lyrikk kan vere både tilgjengeleg, aktuell og tankevekkjande.»

— Nynorskbok.no

Alf Kjetil Walgermo
Om forfattaren

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen, i 2020 kom Bibelens kvinner og i 2025 kom Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.

Fleire foto:


Foto: Tone Leksbø Walgermo