InnbundenFleire format

Generell litteratur

Tanke og draum er himmelske køyrety: dagbok 1924-1994

Hauges tekstar om verdslitteraturen. Olav H. Hauge skreiv dagbok gjennom heile livet, og Dagbok 1924-1994 er eit unikt litterært prosjekt i verdslitteraturen. Verket er på 3700 sider fordelte på fem band. Her kjem eit utval redigert med vekt på personar og tekstar frå verdslitteraturen. Utvalet er utgitt i fleire land, til strålande kritikkar, og blir med dette presentert for eit norsk publikum for første gong.
479,00 kr
Sider
271
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189063
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.