Ta grep!: klasseleiing i praksis

Simon Malkenes |
E-bøker | Sidetal: 123 | ISBN: 9788252199918

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price219 kr
Ta grep! er ei bok om klasseleiing i praksis, kva ein skal gjere og ikkje gjere for å lukkast som klasseleiar. Ved å bruke enkle omgrep frå retorikken viser forfattaren korleis ein kan planlegge og førebu seg på kvardagen i klasserommet. Korleis skape eit godt læringsmiljø? Korleis leie aktiviteten i klasserommet? Korleis bruke Internett meiningsfullt i timen? Handheving av reglar og førebygging konfliktar og uro er vanlege utfordringar for ein klasseleiar i dag. Boka viser korleis ein kan ta grep i møte med desse utfordringane. Og gjennom heile framstillinga bruker forfattaren konkrete situasjonar og eigne erfaringar frå undervisning i grunnskolen og vidaregåande skole. Boka er skriven for studentar på PPU-studiet, men har ei praktisk vinkling som òg vil vere nyttig for andre pedagogiske utdanningar og for ferdigutdanna lærarar.

Simon Malkenes

Du likar kanskje desse

Sist sett på