Sveve over vatna: roman

Skjønnlitteratur

Sveve over vatna: roman

Kultromanen Sveve over vatna i ny pocketutgåve! Hovland skriv om ungdommens lengsel og brunst, puling, uløyseleg kjærleikssorg, festar på dei gråaste hyblane i byen, langpils, politiske kranglar, fyll, tungsinn, ablegøyer og bakrus. Hovudpersonen slentrar tafatt inn i dei mest absurde og underhaldande bakevjer. Han møter den legendariske fylliken, musikaren og kommunisten Dr. Munk, ein person som aldri har skitpreiket og bannskapen langt unna. Midt i mylderet av svart humor, livsglede og vanvit lever hovudpersonane eit rakrygga liv der politikken, erotikken og - ikkje minst - musikken speler ei sentral rolle.
249,00 kr
Sider
413
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001222
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: