InnbundenFleire format

Generell litteratur

Strikk vottar: 30 fargerike mønster

Friskt og fargerikt med inspirasjon frå tradisjon

Her får du oppskrifter på 30 ulike vottemønster. Ingvild Grane har late seg inspirera av tradisjonsstrikk, men gitt vottane eit oppdatert og friskt uttrykk. Oppskriftene spenner frå det enkle og grafiske til det meir frodige og ekstravagante. Nokre passar for nybyrjaren, andre for den meir avanserte vottestrikkaren. Her er oppskrifter på vottar strikka med tjukt garn og tjukke pinnar, som kan strikkast på ein kveld, men også oppskrifter med tynnare garn og pinnar, og meir intrikate mønster. Her er vottar til alle, frå små barn til vaksne, gutar og jenter, kvinner og menn.

Og hugs, vottar er perfekt restegarnstrikk. Ingen vottar treng meir enn eitt nøste per farge, og mange vottar kan strikkast med dei små garnrestane du har liggande.

Alle vottane er strikka i rein ull av norsk garn frå Rauma garn og Hillesvåg Ullvarefabrikk.

PDF med rettingar: https://qrco.de/strikkvottar
429,00 kr
Sider
230
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234013539
Ingvild Grane
Om forfattaren

Ingvild Grane

Ingvild Grane (f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Strikk med Ingvild frå @skaperrom og 100 handlaga gåver. Grane kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist og arbeider med lydbøker i Fabel.