InnbundenFleire format

Generell litteratur

Strikk sokkar: 30 fargerike oppskrifter til store og små

30 par favorittsokkar

Få plagg blir brukte like mykje som eit par gode sokkar. I denne boka deler Ingvild Grane 30 inspirerande oppskrifter på sokkar som både ser flotte ut og sit godt på foten. Grane er inspirert av tradisjonsstrikk, men lagar oppskrifter som er moderne og friske i uttrykket.
 
Oppskriftene passar til heile familien, frå små barn til vaksne. Dei er detaljerte og enkle å forstå, slik at du kan følgje dei både om du har strikka mange sokkar før, eller om dudu prøver deg på sokkestrikk for første gong. Sokkar er perfekt restegarnstrikk. 
 
Strikk sokkar er ei bok du kan vende tilbake til, gong etter gong.
 
Alle sokkane i boka er strikka i norsk garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk.
 

Ingvild Grane (f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Strikk med Ingvild frå@skaperrom, 100 handlaga gåver og Strikk vottar





399,00 kr
Sider
173
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017155
Ingvild Grane
Om forfattaren

Ingvild Grane

Ingvild Grane (f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Strikk med Ingvild frå @skaperrom og 100 handlaga gåver. Grane kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist og arbeider med lydbøker i Fabel.