100 handlaga gåver

Ingvild Grane |
Innbunden | Sidetal: 196 | ISBN: 9788234008481

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Spar pengar og miljø med å lage gåvene dine sjølv. Strikk, sy, sank, mål eller tenk heilt annleis!

Året er fullt av dagar der du gir og får gåver. Di fleire gåver me kjøper, di meir belastar me både naturen og lommeboka. Med denne boka vil Ingvild Grane inspirere deg til å tenke nytt om kva ei gåve kan vere. Her finn du tips til 100 gåver du enkelt kan lage sjølv gjennom heile året ved å bruke ting du finn i naturen, eller saker frå roteskuffa heime, utan at det kostar verken deg eller miljøet noko.

Lær å lage blomster av papir, sy fine og funksjonelle gåver av restestoff, lage nydeleg syltetøy og saft, gi bort ein grøftekantbukett eller strikke ei restegarnpute. Strikk, sy, sank, mål eller tenk heilt annleis. I boka finn du også mange gode tips til alternative gåver, som opplevingar og tenester me kan gjere for andre. Kvifor ikkje invitere til pannekakefrukost eller ein utandørs sommarmiddag?

Boka inneheld gåver til barn og vaksne, og ein del av oppskriftene eignar seg til å lage saman med barn.

Ingvild Grane

Du likar kanskje desse

Sist sett på