InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Grisungen med den rette halen

3–6 år
«Sjarmerer små og store (...) At mangfold er greit er nærmest blitt et mantra i barnebøkene de senere årene. Her er en bok som tar for seg tematikken på sin måte, som både er kildrende original og trygt gjenkjennelig.»
— Anne Cathrine Straume, NRK
Ein dag oppdagar Grisungen noko som gjer han heilt forskrekka: Han har ikkje krøll på halen! Alle dei andre grisane har spreke halekrøllar, berre ikkje Grisungen.

Han må få krøll på halen, for det skal jo grisar ha?

Dei andre dyra på garden er ikkje til særleg hjelp, og gode råd er dyre. Men så møter han Jentungen. Kan ho hjelpe Grisungen, tru?

Grisungen med den rette halen er ei varm og morosam forteljing om å kjenne seg annleis, rikt og sjarmerande illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.

329,00 kr
Sider
47
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012921
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Er du på jakt etter ei god høgtlesingsbok for dei minste barna, vil eg på det varmaste tilrå biletboka, «Grisungen med den rette halen», forfatta av Hilde Myklebust og rikt og sjarmerande illustrert av Bård Sletvold Torkildsen. ... Dette er ei herleg bok om å godta seg sjølv som ein er, utan å samanlikne seg med andre.»

— Ingrid Bergstrøm, Avisa Valdres

Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: