Stille natt: roman

Skjønnlitteratur

Stille natt: roman

Ein forfattar har skrivesperre, og forlaget masar i veg om den store sjøromanen han har lova å skrive. Men livet skriv seg sjølv. Forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette noko har ein klar samanheng med ei dramatisk hending som ein gong endra broren sitt liv, og dermed også familien si historie. På sin veg gjennom velkjende norske landskap og meir ukjende draumelandskap, blir forfattaren heimsøkt av livet han har levd, og nærmast forfølgd av folk som vil skrivast inn i bøkene hans. Stille natt er ein stor og vakker roman om kjærleik, tap og mørke familiehemmelegheiter.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181401
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: