Barn og ungdom

Skallen: roman

12–16 år
Nokon ser deg i mørkret "To kameratar er på fisketur på fjellet. Dei ligg i telt ved Reinsvatnet. Her er det ingen mobildekning, og ingen veit kor dei er. Trur dei. For midt på natta får dei nokre mystiske meldingar. Avsendaren er Skallen." Skallen veit kor dei er. Skallen ser og høyrer alt. Skallen jaktar på dei i mørket. Men kven er skallen? Og kan dei flykte? Eller må dei ta opp kampen? Skallen er ei ny bok i Grøss og gru-serien, eit samarbeid med Leser søker bok. Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Eksperimentet (2015) er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.
199,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006302
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.