Sex, musikk og vold: roman

Skjønnlitteratur

Sex, musikk og vold: roman

Omsett frå svensk av Janne Marie Fatland og Monica Aasprong

Ei ung kvinnes ferd gjennom helvetet ?Eg prøvde å skriva dagbok. Men det fanst inga sanning i forteljinga. Berre ei parallell verd. Historia om Beatrice er ei slik verd. Ho har blitt til mellom løgn og sanning. Men det er ikkje ho som lyg. Det er eg.? Sex, musikk og vold er ei skildring av ei ung sårbar kvinnes ferd gjennom helvete. Skildringa er sterk og overtydande og gir innblikk i eit ungt sinn som er vikla inn i nedbrytande handlingsmønster. Beatrice er rotlaus, einsam, utprøvande, seksuell og eteforstyrra. Og ho hatar. Mest av alt hatar ho seg sjølv. Dette unge mennesket ber på ei destruktiv kraft. Til no har svart humor og eit skarpt og avslørande blikk på både seg sjølv og verda, redda henne frå undergang. Beatrice flyg inn i ein tilstand der grenser blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan stå ut med. Ei verd der ho kan flyga frå skulda, frå seg sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold. Omsett av Janne Marie Fatland og Monica Aasprong.
329,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181593
Erica Löfström
Om forfattaren

Erica Löfström

(f. 1978) debuterer med romanen Sex, musikk og vold. Ho er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim. Besøk heimesida til Erica Löfström her.