Seljefløyta: dikt

Skjønnlitteratur

Seljefløyta: dikt

Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong! I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset «Seljefløyta» til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Debutsamlinga Glør i oska kom i 1946, med berre få dikt frå dette manuset. I denne nye Seljefløyta er 24 dikt henta frå det opphavlege manuset. Med i boka er også einskilde dikt frå 1940-1979: Dei er kvasse og humoristiske kommentarar over livet og kvardagen. For første gong blir dette materialet samla i bokform, og boka gir oss eit utfyllande bilete av lyrikaren Olav H. Hauge. Utvalet er redigert av Bodil Cappelen.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195927
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.