Praktisk nynorsk for lærarstudentar

Olaf Almenningen | Aud Søyland

Ny utgåve av den mykje brukte innføringsboka med døme og oppgåver. Boka gir ei lettfatteleg og instruktiv innføring i setningsbygnad, ordval og grammatikk og er skriven av forfattarar som har brei erfaring i nynorskundervisning og som veit kva studentane treng.

Boka avløyser utgåva frå 2007 (Den beste boka i praktisk nynorsk) og er først og fremst retta mot studentar som har hatt nynorsk som sidemål. Ho gjennomgår alle dei grammatiske emna på ein pedagogisk måte, og har teori, eksempel og oppgåver knytt saman.
Her finn du:

  • råd om setningsbygnad med overføringsverdi til bokmål
  • innføring i nynorsk rettskriving og bøyingssystem etter 1.8.2012
  • grammatisk terminologi i samsvar med Norsk referansegrammatikk
  • grammatiske ordforklaringar undervegs
  • alfabetisk liste over grammatiske termar
  • fasit til oppgåvene med tanke på sjølvstudium

ISBN: 9788252179392

Kategoriar: Høgskule og universitet, Olaf Almenningen

Emneknagg: 2012, Hefta,

Sjanger: Pedagogikk og lærarutdanning



Meir frå Olaf Almenningen