Om boka
Sitat frå melding
«Maria Lavik fører ein god nynorsk penn. ... Allment får lesarane illustrert utfordingar som er knytte til fysisk, materiell og geografisk flytting, like mykje som utfordringane er sett i eit mentalt, emosjonelt og etisk flytteperspektiv.» - Gunnstein Akselberg, Avisa Hordaland «[O]ppegåande sakprosa skriven av ein vestlending med heimlengsel. (...) Dette er ... historia om landet vårt i miniatyr – kort og skarpt fortald. (...) [D]enne forteljinga [peikar] også framover. Korleis skal vi overleve om det kjem ein ny krig dersom lysa er sløkte på gardane, forsyningslinjene til utlandet er brotne og alle odelsgutane og odelsjentene er flytta til byen?» - Knut Hoem, NRK «Fortellingen om Maria Laviks familiegård blir et mikrokosmos for norsk distriktspolitikk ... Det er lett å forstå hvorfor Lavik sliter sånn med å gi slipp. "Odelsskam" er full av kjærlighet til slekta og plassen, og det er to størrelser som liksom ikke kan skilles fra hverandre ... [K]anskje skrivingen kan være en måte å la livet i Lavik leve videre på, i bevisstheten til oss som leser om det. Det gjør Lavik også godt: Jeg føler både sorg og varme overfor denne slektsgården mens jeg leser.» - Maia Nordsteien Nielsen, Klassekampen «I «Odelsskam» er det nok mange av dagens bygdeungdom som kan kjenne seg att i forfattarens eiga oppveksthistorie. (...) Lavik skildrar ein valfridom som ikkje fanst i tidlegare generasjonar. Fridom er i det heile tatt eit nykelord i «Odelsskam», noko som gjer at boka korkje er nostalgisk eller idylliserande på vegner av fortida."» - Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende «... eit sterkt skriftstykke. ... No er det alltid fleire grunnar til at folk snur bygda ryggen, og dette gjer Lavik greie for gjennom sterk prosa der kjenslene ligg på og mellom linene.» - Gjermund Bakkeli Haga, Dag og Tid «Boka «Odelsskam» er ei varm og sterk forteljing om å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Slik vert den også ein viktig rapport om bygde-Norge.» - Harald Stanghelle, Vaksdalposten