Notat ved avgrunnen: ei mors forteljing

Generell litteratur

Notat ved avgrunnen: ei mors forteljing

««Ellen Kristvik har skrevet en knapp, klok og ekte bok om hvordan hun opplevde sin unge datters selvmord.»»
— Trond Berg Eriksen, Morgenbladet
Skakande om sjølvmord. Ellen Kristvik har opplevd ein forelders verste mareritt. To veker før dottera Johanna fylte 25 år, tok ho sitt eige liv. Kristvik miste sitt einaste barn. I «Notat ved avgrunnen» blir vi kjende med mor og dotter. Lesaren får glimt inn i livet til ulike tider: i barnehagen, på skulen, heime og med venner. Vi møter åleinemora og dottera, men òg den sørgjande mora som desperat prøver å forstå det som skjedde. Korleis kunne den høgt elska dottera hennar ta sitt eige liv? Kristvik vekslar mellom nakne uttrykk for sorga, glimt frå tida før det katastrofale tapet og forteljingar om korleis etterlatne søkjer hjelp til å leve vidare. Dette er ei rystande bok om eit vanskeleg og langt på veg tabuisert tema. Mellom 500 og 600 menneske døyr i sjølvmord her i landet årleg. Talet er stigande.
299,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252199055
Ellen Kristvik
Om forfattaren

Ellen Kristvik

Ellen Kristvik (f. 1955) er forskar ved Avdeling for helsetenesteforsking (HØKH) på Akershus Universitetssjukehus. Ho er antropolog og har òg bakgrunn som sjukepleiar. Kristvik har dessutan erfaring frå eit forskingsarbeid om forteljingane til etterlatne foreldre etter dødfødslar. I tillegg har ho arbeidd med sorgarbeid som sjukepleiar for alvorleg sjuke og døyande.