Livet og korleis leve det: ei handbok for vaksne

Generell litteratur

Livet og korleis leve det: ei handbok for vaksne

«Eg har googla så mykje i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet.» På kort tid har Anne Gunn Halvorsen pådrege seg to barn, gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Plutseleg går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og treningstights enn sjølve livet. Forfattaren har brukt eit år på å finne ut korleis andre har valt å leve liva sine. For korleis skal du som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy? Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Livet og korleis leve det er ei bok som kan gjere deg klokare - og få deg til å senke skuldrene, litt. Anne Gunn Halvorsen (født 1984) er journalist, kommentator og meldar. Ho er frilansar, og har tidlegare jobba i Dagbladet og Dagens Næringsliv.
299,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193886
Anne Gunn Halvorsen
Om forfattaren

Anne Gunn Halvorsen

Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland og bur i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i over femten år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. I dag skriv ho fast for Aftenposten. På Samlaget har ho gitt ut fleire kritikarroste sakprosabøker. Halvorsen er også kjend for ungdomsromanserien Halve kongeriket som ho skriv saman med Randi Fuglehaug.