I kreft og kjærleik: ettertankar

Generell litteratur

I kreft og kjærleik: ettertankar

Gripande og innsiktsfullt om alvorleg sjukdom To menneske har nyleg funne kvarandre, i godt vaksen alder. Jostein Nerbøvik og Ellen Kristvik står i startgropa til eit liv i lag då den inngripande meldinga slår inn i liva deira: Kreften hans har spreidd seg frå den mørke føflekken som for lengst er fjerna. Dette er ei bok om dei tre åra som følgde, ei tid prega av alvorleg sjukdom. Det er ei forteljing om det å få kreft og bli innskriven i det norske helsevesenet, å bli forelska og ta konsekvensane av det, og om alt som skjer på ein gong. Forteljinga om ei utfordrande sjukdomstid er fletta saman med forfattarens ettertankar, korleis det som skjedde fortonar seg ti år etterpå, knytt opp til forsking og annan faglitteratur, og det andre har skrive om erfaringar som pasient eller pårørande. Kristvik vil at helsevesenet skal ta dei pårørande meir med når nokon er alvorleg sjuk.
299,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186741
Ellen Kristvik
Om forfattaren

Ellen Kristvik

Ellen Kristvik (f. 1955) er forskar ved Avdeling for helsetenesteforsking (HØKH) på Akershus Universitetssjukehus. Ho er antropolog og har òg bakgrunn som sjukepleiar. Kristvik har dessutan erfaring frå eit forskingsarbeid om forteljingane til etterlatne foreldre etter dødfødslar. I tillegg har ho arbeidd med sorgarbeid som sjukepleiar for alvorleg sjuke og døyande.