Norsk = nynorsk og bokmål: ei grunnbok om nynorsk i opplæringa

Fagbøker

Norsk = nynorsk og bokmål: ei grunnbok om nynorsk i opplæringa

Ei brei innføring i grunnleggjande nynorskdidaktikk. Forfattarane presenterer nynorsk i skolen i historisk perspektiv og viser korleis opplæring i begge målformer blir legitimert i skolen i dag. Boka tek utgangspunkt i Kunnskapsløftet og har døme frå praksis i skolen. Redaktørane og artikkelforfattarane har lang erfaring frå lærarutdanninga. Tittelen Norsk = nynorsk og bokmål signaliserer perspektivet til forfattarane. Dei vil bryte den vanlege og velkjende argumentasjonssirkelen som hentar næring frå ei problemorientert oppfatning av den norske språksituasjonen. Eit overordna perspektiv i boka er at nynorsk og bokmål er ein del av språkmangfaldet i Noreg , og at opplæring i to målformer er ein ressurs når ein skal utvikle språkkompetanse og norskspråkleg danning. Boka tek opp til drøfting opplæring i både nynorsk som hovudmål og nynorsk som sidemål. I mange samanhengar vil ein arbeide med nynorskopplæringa på same måten, men vilkåra for å lære begge skriftspråka er ulike for dei to elevgruppene. Sjølv om boka først og fremst dreier seg om nynorskopplæring, må ein sjå denne opplæringa i samanheng med opplæringa i bokmål, og dermed med norskopplæring generelt. Dette blir gjort i kapitla som handlar om nynorskopplæring på barnetrinnet og på ungdomstrinnet. Boka tek også opp opplæring i begge målformer for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn. Eigne kapittel handlar om IKT i nynorskopplæring og arbeid med litteratur på nynorsk. Dei kan vere utgangspunkt for arbeid med nynorsk både som hovudmål og sidemål.
389,00 kr
Sider
264
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000119
BJ
Om forfattaren

Benthe Kolberg Jansson

har hovudfag i norsk med vekt på språk og didaktikk. Ho har undervisningserfaring frå både ungdomsskolen og vidaregåande skole. No tilsett ved Høgskolen i Østfold.