Norsk historie etter 1905: vegen mot velstandslandet

Fagbøker

Norsk historie etter 1905: vegen mot velstandslandet

Dette er den fjerde og siste boka i det nye historieverket til Samlaget. Bandet dekkjer tida etter unionsoppløysinga i 1905. I denne perioden har Noreg hatt ein sterk velstandsvekst. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise korleis dette har gått til, ikkje minst korleis internasjonale tilhøve har lagt rammer og føringar for norsk utvikling. Næringar retta mot sjøen har vore sentrale gjennom heile perioden, og utanrikspolitikken har heller søkt tilknyting vestover enn sørover mot kontinentet. Noreg har også utvikla ein høg grad av sosial tryggleik og eit lågt spenningsnivå jamført med andre land, og drøftinga av dei politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i framstillinga. Det blir òg drøfta i kva grad okkupasjonsåra 1940 til 1945 var meir enn ein parentes i historia.
449,00 kr
Sider
379
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252199437
OS
Om forfattaren

Ola Svein Stugu

Ola Svein Stugu (f. 1947) er professor emeritus ved Institutt for historiske studium ved NTNU. Han har særleg arbeidd med by- og regionhistorie og historiedidaktikk og har mellom anna skrive Kunnskapsbyen. Trondheims historie (1997), Historie i bruk (2008) og Norsk historie etter 1905 (2018). I 2024 fekk han Sverre Steen-prisen blant anna på grunn av verket Den andre verdskrigen i norsk etterkrigsminne (2021). Sverre Steen-prisen er den mest prestisjetunge historikarprisen i Noreg, og blir tildelt for framifrå formidling av historie på høgt fagleg nivå.