Mjølk av Paradis
Innbunden

Mjølk av Paradis

I 1798, to år etter Robert Burns død, stod Wordsworth og Coleridge fram med Lyrical Ballads. Denne samlinga med dikt vart svært populær både blant lek og lærd og inspirerte andre lyrikarar til å dikte på liknande vis og om nærskylde emne. Coleridges Soga til den gamle sjømannen og Kubla Khan høyrer saman med Wordsworths Gjenta i kornhausten kanskje til dei mest kjende, men i dette utvalet har Johannes Gjerdåker også gjendikta andre dikt og diktarar, og sett dei inn i ei kronologisk ramme.

Utvalet femner om Thomas Gray (1716-1771), Samuel Johnson (1709-1784), Robert Burns (1759-1796), William Wordsworth (1770-1850), Samuel Taylor Coleridge (1772-1843), William Savage Landor (1775-1864) og John Clare (1793-1864). I eit perspektivrikt etterord skisserer gjendiktaren deira personlege bakgrunn og syner kva verknad dei har fått for poesien og litteraturhistoria.

399,00 kr
Johannes Gjerdåker
Om forfattaren

Johannes Gjerdåker

Johannes Gjerdåker (1936–2020) var gjendiktar, lyrikar og historikar. For gjendiktingane av Robert Burns ́ Dikt og songar (1996) vart han tildelt Bastianprisen. I 1998 kom Dikt og songar, Andre samling, som han vart nominert til Brageprisen for. I 2005 fekk han Kritikarprisen for omsetjinga av Odar av Horats. Andre samling. Han har òg fått bådde melsomprisen og Norsk klassisk forbunds pris, "Årets Klassikar", for innsatsen med å omsetja latinsk poesi til nynorsk.