Gjendiktingar

Johannes Gjerdåker |
Innbunden | ISBN: 9788234006524

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
Forventa i sal: 13.09.2022
Breitt utval tekstar frå sentral gjendiktar.

Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort
strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid og har motteke fleire
prisar.

Gjendiktingar inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida
av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og
plater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte.

Robert Burns var ein sentral diktar for Gjerdåker. Elles femnde han svært vidt: Gjendiktingane hans strekkjer seg frå klassikarar på latin, islandsk visetradisjon, engelske og tyske romantiske diktarar og modernistiske dikt til tekstar til klassisk musikk og kjende popsongar.

Her er òg nokre av hans eigne dikt med, 23 meisterlege sonettar frå debutboka Skot på
gamal stuv (1978). Det høver å minna om at ein god gjendiktar òg må vera ein god diktar.

Gjendiktingar er redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive etterord.

Johannes Gjerdåker

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på