InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Meieriet: roman

Kan ein leve som kunstnar og vere forelder? På eit kunstnaropphald i eit ombygd meieri på Island møter Beate Kjell, som ho blir gravid med. Kva slags livsendringar vil det å bli mor innebere, og kva slags mor kan ho greie å vere? «Meieriet» er ei lågmælt og kjenslevar forteljing om å slitast mellom lengsel etter nærleik og behovet for å vere åleine, om frykta for fødselsdepresjon og for at kunsten skal bli industri. Den ærlege og sårbare forteljarstemma set ord på kjensler som vanlegvis ikkje blir kommuniserte, når Karlsvik skildrar vegen frå graviditet til barseltid.
429,00 kr
Sider
389
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198560
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.