InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Året har tretten netter: roman

«Smertefullt godt om å jakte på noe å holde fast i, finne det, men se taket glippe fordi en ikke makter å gi slipp på seg selv ... Anbefales alle som på et tidspunkt mistet kontrollen over eget liv.»
— Adresseavisen
Ærleg om begjær og sårbarheit. Mette matchar med M. Han viser straks interesse, og ho kan ikkje tru at ein som han ser noko i henne. Når den leikne og uforpliktande relasjonen på SMS går over i fysiske møte, aukar denne usikkerheita. Likevel gir Mette seg heilt over. Ho er hekta og har ingenting å miste. Sjølv når M begynner å trekke seg tilbake, tenker ho at det er no eller aldri. I «Året har tretten netter» møter vi Mette gjennom søvnlause netter, i førebuingar til møte, i analysar av meldingstrådar, samtaler og eigen veremåte, gjennom kvardagar der alt dreier seg om M. «Året har tretten netter» handlar om tillit og sårbarheit, og om å miste seg sjølv. Det er ein ærleg og direkte roman om eit oppslukande, desperat begjær.
429,00 kr
Sider
270
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012204
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.