Skjønnlitteratur

Surtsey: roman

«ein presis, lyttande og vennleg måte å knyte natur og menneske saman på [...] På språkoverflata kjem ein ny klang til synes . det islandsk-norske: .Ho blir fælinn og hlauper bort til skrentinn og klatrar nedover.. Det...»
— Dag og Tid
Kreftene i naturen og menneska. Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vidar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med. Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus under dei, kan dei ikkje lenger gøyme seg for kvarandre. Dei må dele på å vere sterke og svake i ei natt som kan bli deira siste. «Surtsey» handlar om forskyvingar i natur og menneske og om kontinentaldrift og famlande kjensler.
329,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007286
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Størst virkning har det nydelige hybridspråket som gjennomsyrer romanen, hvor fremmede tegn siger inn i språket; ute på havet går for eksempel .eit skjelv gjennom lufta og gir höfnina, sjórinn, Sóley gæsahú...»

— Klassekampen

Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.