InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Ungen: roman

Verdien av eit barn Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn - mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt. Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.
429,00 kr
Sider
267
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198522
Aina Basso
Om forfattaren

Aina Basso

AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010). For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.