InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Dei dødsdømde: dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet

12–16 år
«Levende om dødsstraff. [...] Aino Basso slår hardt og treffer der det gjør vondest»
— Anne Schäffer, Barnebokkritikk
Dømd til døden. Dette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta. Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen. I denne sjokkerande og lærerike boka blir du også kjend med nokre av dei som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane. Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid. I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger? Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.
369,00 kr
Sider
134
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004452
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Med lett og ledig penn leverer Aina Basso et grusomt stykke norgeshistorie.»

— Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen

«Uhyggelig god [...] Dette er en virkelig god historiebok som også reflekterer rundt bruken av dødsstraff i dag.»

— Anne Cathrine Straume, NRK

Aina Basso
Om forfattaren

Aina Basso

AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010). For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.