Ungdomsroman om forelsking, forviklingar og ein litt annleis pappa.
Oda er 16 år og bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda?
Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Kan han ikkje vere meir til stades for ho i staden for å leve i fortida?
Vi følger Oda gjennom nokre dramatiske dagar der ho strevar med å akseptere faren si rolle som bygdeoriginal, samtidig som ho prøver å finne ut av kjenslene sine for kjærasten Sondre og Daniel.
Terningkast 5! «ei velskriven hyllest til Vestlandet [...] Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå.» - Janicke Totland, Framtida
Sitat frå melding
["\u00abDen andre ungdomsromanen til Ann Helen Kol\u00e5s Ingebrigtsen er ein velskriven og engasjerande roman om kj\u00e6rleik og forelsking, om \u00e5 h\u00f8yre til p\u00e5 bygda og \u00e5 l\u00e6re seg \u00e5 leve med ein pappa som m\u00e5lar, speler gitar og syng, men ogs\u00e5 drikk for mykje. (...) Forfattaren bruker eit moderne og stilsikkert nynorsk som fangar inn ein ungdommeleg uttrykksm\u00e5te.\u00bb<\/span> - Reidun Kydland, Nynorskbok.no <\/span>","\u00abei velskriven hyllest til Vestlandet [...] Ingebrigtsen f\u00e5r fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan r\u00e5de i ungdomstida p\u00e5 ein truverdig m\u00e5te p\u00e5 velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna \u00e5 seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til \u00e5 h\u00f8yre meir ifr\u00e5.\u00bb<\/span> - Janicke Totland, Framtida <\/span>"]
Bla-i-boka
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f.1980) kjem frå Valderøya i Giske Kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule. Ingebrigtsen debuterte med ungdomsboka Sinne i 2020, ei bok som vann Bokbloggarprisen og Årets Ulest. Eg blir her er den andre ungdomsboka hennar.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO