Finne ly
Innbunden

Romanar og noveller

Finne ly

Skogen syg meg inn i seg og lukkar seg rundt meg, slik han løynde meg då eg trong han, eit ly mot dei som jaga meg. Det kunne gått så gale, alt saman. Men det har gått godt i staden, og no er eg her.

Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må halde tett om kven ho er. Den yngste sonen får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for hans forsøk på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid.

449,00 kr
Aina Basso
Om forfattaren

Aina Basso

AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010). For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.