Marki Marco: roman

Barn og ungdom

Marki Marco: roman

12–16 år
Marco er 16 år og bur i Belgia saman med mora. Dei er bosniske flyktningar, og mora har arbeid som tolk i Brussel. Ein morgon då han snik seg inn i slottsparken oppdagar han ei naken kvinne som står og røykjer. Denne oppdaginga blir starten på den beste og verste sommaren i Marcos liv. Både mafiaen, ein galen skogvaktar og også Marcos nærmaste familie blir ein livsfare, og Marco må gå i dekning. Dette er forfattarens første roman.
249,00 kr
Sider
133
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252179385
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.