Dystopia I: roman

Barn og ungdom

Dystopia I: roman

12–16 år
Ein motorveg av ei lesaroppleving . Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen om morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane, som berre har eitt mål: Dei vil heim til Noreg. Dystopia I er skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Med eit dødsalvorleg bakteppe skaper komikar og forfattar Terje Torkildsen ei bok med humor, driv og ungdommeleg optimisme.
329,00 kr
Sider
182
Utgivingsår
2009
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252174090
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.