Bouvetøya 2052: roman

Barn og ungdom

Bouvetøya 2052: roman

12–16 år
Ein klima-thriller frå framtida. Året er 2052. Startskotet for tidenes heftigaste nettreality, ein klimakonkurranse sett til isolerte Bouvetøya i Sørishavet. Konseptet er utvikla og sett i scene av den rike, eksentriske kinesiske nettgründaren Wu Lo. Fem deltakarar, ein ungdom for kvar verdsdel med kvar sine ekstrem-eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere tre dagar offline, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid? Mot sin vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i nettrealityen. Og det som skal snart vise seg å vere eit spel på liv og død.
299,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187137
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.