Lykka er ein sjeldan fugl

Skjønnlitteratur

Lykka er ein sjeldan fugl

Omsett frå fre 18 t 35 min
Stor roman om kjærleik, håp og nye sjansar i Lykka er ein sjeldan fugl. Den suksessrike arkitekten Charles Balanda nærmar seg femti. Han er utmatta, forholdet til kona Laurence blir stadig kjøligare og grunnmuren livet hans er bygd på begynner å breste. Då han får eit usignert brev med meldinga «Anouk er død», strøymer minna på. Charles leitar seg tilbake mot hendingar og menneske frå ungdomstida, og på vegen møter han Kate, ei kvinne som bur i eit slags rotete, landleg paradis, omgitt av barn og dyr. Charles og Kate blir tiltrekte av kvarandre, men ingenting er gitt på førehand. Alle som lét seg begeistre av Gavaldas førre roman, vil kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Nok ein gong har Anna Gavalda, som har forført millionar lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. Opplesing: Anderz Eide
379,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194616
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.