L
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Langt frå bambus: roman

Ein oppvekstroman frå skogen, der ulike tre, i forsøk på å finne meininga med livet, begynner å leite i språket. Eit lite grantre kjem til skogen og deler tida i to: før og no. Før, i den naturlege tida, hadde alt som hende også hendt før, men no, i den unaturlege tida, kan kva som helst hende. Dei kan aldri meir kjenne seg trygge på at det ikkje plutseleg kan hende noko fælt og framand, noko ingen har sett før og ingen kan forklare. Romanen handler mykje om å vere aleine, litt om å vere to, men mest om å vere tre.
300,00 kr
Sider
246
Utgivingsår
1999
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252155112
Arnfinn Kolerud
Om forfattaren

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) vart Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Barneboka Snillionen blei nominert til Kritikarprisen og vann Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.

Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.