Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv. Men ein dag skjer det noko veldig rart: Lommepengane snur! Det er foreldra som fortel det over middagsbordet. Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far, seier dei, no er det hans tur å bidra til fellesskapet. For å klare dette må han skaffe seg ein sommarjobb. Men korleis gjer ein eigentleg det?
I tillegg har bestevenninna Maja fått seg ekte sommarjobb på kafé. Ho serverer suppe til feriegjester og brettar fine serviettar. Dessutan dukkar det opp ein irriterande gut på kaféen. Han heiter Mons. Men er ikkje Mons eigentleg berre eit dumt kattenamn? Og kvifor går Mons rundt og ber på ei dustete padleåre?
«Ivar får ansvar» er ei absurd og morosam historie om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre.
Sitat frå melding
«Eg set pris på korleis Kolerud får fram dette (...): Det såre ved å legge barndoms-sjølvet bak seg, men også den gode kjensla av å meistre nye utfordringar. I Kolerud sin prosa kryr det av fine observasjonar og gode formuleringar knytt til dette.» - Helene Hovden Hareide, Klassekampen