Barn og ungdom

Ivar får ansvar

Ordknappen 2025 9–12 år 2 t 52 min
«Eg set pris på korleis Kolerud får fram dette (...): Det såre ved å legge barndoms-sjølvet bak seg, men også den gode kjensla av å meistre nye utfordringar. I Kolerud sin prosa kryr det av fine observasjonar og gode f...»
— Klassekampen
Om lommepengar og lærepengar. Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv. Men ein dag skjer det noko veldig rart: Lommepengane snur! Det er foreldra som fortel det over middagsbordet. Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far, seier dei, no er det hans tur å bidra til fellesskapet. For å klare dette må han skaffe seg ein sommarjobb. Men korleis gjer ein eigentleg det? I tillegg har bestevenninna Maja fått seg ekte sommarjobb på kafé. Ho serverer suppe til feriegjester og brettar fine serviettar. Dessutan dukkar det opp ein irriterande gut på kaféen. Han heiter Mons. Men er ikkje Mons eigentleg berre eit dumt kattenamn? Og kvifor går Mons rundt og ber på ei dustete padleåre? «Ivar får ansvar» er ei absurd og morosam historie om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre.
279,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012570
Arnfinn Kolerud
Om forfattaren

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) vart Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Barneboka Snillionen blei nominert til Kritikarprisen og vann Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.

Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.