Gamle menn i syningom: roman

Skjønnlitteratur

Gamle menn i syningom: roman

5 t 48 min
«Gamle menn i syningom er ein godmodig satire, ein skrøne, der ingen «går av med sigeren» til sist. [...] Kolerud skriv med overskot og glimt i auget og med forløysande friske bilde»
— Dag og Tid
Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden - og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen? Samtidig får steinkunstnaren Ragnar Åheim eit nynorsk berg til å opne seg, og da skal vel også dører opne seg og hjarta opne seg og draumen opne seg, slik at nynorskingane kan glida inn på ein våg dei ikkje har visst um? Gamle menn i syningom er ein roman som går all in i den norske språkstriden.
379,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007200
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Humoren er avvæpnende, smart, det litterære Norge er til stede i rikelig monn. Dette er Ragnar Hovland møter Rune Belsvik møter Kjartan Fløgstad, og jammen er det ikke en liten dæsj Erlend Loe med på lasset også.»

— NRK

Arnfinn Kolerud
Om forfattaren

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) vart Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Barneboka Snillionen blei nominert til Kritikarprisen og vann Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.

Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.