Landet alltid raudt

Barn og ungdom

Landet alltid raudt

9–12 år
Går det an å bli så sint at ein berre forsvinn? Bjørn er femteklassingen som aldri klarer å styre seg, han er den i klassen som alltid blir ustyrleg sint og som alle vil tirre. Ein dag blir han så sint at han forsvinn over til Landet Alltid Raudt, eit land der dei treng sinnet hans, og som har venta på han og dei hemmelege kreftene han ikkje visste han hadde. Den ukjende verda er full av sinne og vondskap, mens vår verd viser seg å vere full av mystiske personar, spor og hendingar ein ikkje ante noko om. Dette er historia om ein gut som blir så sint at det kan gå gale, og historia om å handle riktig før det er for seint. Ragnfrid Trohaug er forfattar og forlagsredaktør, og har skrive fleire bøker for barn og unge. Bøkene hennar er omsette til mellom anna færøysk, svensk, nederlandsk, tysk og fransk.
249,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191363
Ragnfrid Trohaug
Om forfattaren

Ragnfrid Trohaug

(f. 1975). Trohaug fekk Blix-prisen og Kulturdepartementets debutantpris i sin sjanger for debutboka Okkupert kjærleik. Ho fekk Guro Sandsdalens minnepris 2003 for forfattarskapen sin, og har i fleire år arbeidd som forlagsredaktør.