Dobbeltgjengaren

Barn og ungdom

Dobbeltgjengaren

12–16 år
John går i sjuande og er litt av ein outsider, mest oppteken av gitaren og minidisc-opptakaren sin. Men ein dag vandrar Laura inn i livet hans, og ho tek affære den dagen dei oppdagar det som ser ut som Johns eigen dobbeltgjengar i ei russisk avis! Det utviklar seg til ei norsk-russisk detektivhistorie med mange ukjende personar og mykje action. Dobbeltgjengaren er eit dramatisk høyrespel som kan lesast både som spenningsbok og som lesedrama eller sceneframføring. Høyrespelet blei framført i «Barnetimen for dei større» på NRK i 2003. Ragnfrid Trohaug er forfattar og forlagsredaktør, og har skrive fleire bøker for barn og unge. Bøkene hennar er omsette til mellom anna færøysk, svensk, nederlandsk, tysk og fransk.
249,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191370
Ragnfrid Trohaug
Om forfattaren

Ragnfrid Trohaug

(f. 1975). Trohaug fekk Blix-prisen og Kulturdepartementets debutantpris i sin sjanger for debutboka Okkupert kjærleik. Ho fekk Guro Sandsdalens minnepris 2003 for forfattarskapen sin, og har i fleire år arbeidd som forlagsredaktør.