Frå null til no: roman

Barn og ungdom

Frå null til no: roman

12–16 år
Det er Jo som talar i denne boka. Ho er fotballtalentet, skolelyset, lærardottera som aldri har sett far sin, og som gjer alt ho kan for å leve opp til forventningane frå mora. Jo er seksten og skulle ha vore elev på vidaregåande, men no har livet gått i stå for henne. Ho et ikkje. Frå rommet sitt på ein institusjon tenkjer ho gjennom livet sitt og prøver å samle krefter til det ho veit ho må gjennomføre: eit oppgjer med mor si. Frå null til no er ei historie om løgner som går i arv, om tre generasjonar kvinner og om å bli eit heilt menneske.
199,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252177169
Ragnfrid Trohaug
Om forfattaren

Ragnfrid Trohaug

(f. 1975). Trohaug fekk Blix-prisen og Kulturdepartementets debutantpris i sin sjanger for debutboka Okkupert kjærleik. Ho fekk Guro Sandsdalens minnepris 2003 for forfattarskapen sin, og har i fleire år arbeidd som forlagsredaktør.