Kvalitet i opplæringa: arbeid i grunnskulen observert og vurdert

Peder Haug |
E-bøker | Sidetal: 295 | ISBN: 9788252199987

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price359 kr
Kvalitet i opplæringa handlar om ulike sider ved arbeidet i skulen, slik det kjem fram i ei omfattande undersøking gjennomført av ei gruppe forskarar ved Høgskulen i Volda. I undersøkinga har ein observert undervisning i eit uvanleg stort omfang, og foreldre, elevar, lærarar og skuleleiarar har teke del i ei omfattande spørjeundersøking. Undersøkinga viser at det er store variasjonar og ulikskapar både innom og mellom skular på dei områda som er undersøkte. Eit heilt sentralt resultat er den store vekta på elevaktive arbeidsformer. Dei gir spesielle utfordringar når det gjeld å meistre elevmangfaldet og gi ei god opplæring som høver for alle elevar. For å lukkast med det er læraren og lærarkompetansen særs viktig. Undersøkinga tok særleg føre seg i faga engelsk, matematikk og norsk. Forskingsarbeidet gir eit godt grunnlag for å få innsikt i kva skule går ut på. Resultata er sentrale for å vurdere kvalitetane ved skulen, og gir eit utgangspunkt for å diskutere kva som eventuelt bør gjerast for å skape den skulen vi gjerne ville ha. Boka er skriven for forskarar, lærarutdannarar, lærarar, studentar og andre med interesse for skulen. Professor Peder Haug har leia undersøkinga og redigert boka.

Peder Haug

Du likar kanskje desse

Sist sett på