Innbunden

Barn og ungdom

Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten?: & andre viktige spørsmål om kunst

9–12 årOmsett frå engelsk
Alt barna vil vite om kunst! Med ein leiken, avslappa tone vil denne introduksjonen til kunsthistorie oppmuntre mange barn til å besøkje museum med meir sjølvtillit. Boka er engasjerande og informativ og spør kva som gjer kunst til kunst. Kva er det med all den frukta? Kvifor er kunst så rar no for tida? I boka er det spørsmål om korleis verda ser ut gjennom kunsten, frå bergkunst til kubisme, frå renessanse til samtidskunst. Det er spørsmål om ulike sjangrar, som stilleben, landskapskunst og portrett, og spørsmål om kunstens rolle og verdi - før og no. Boka tek oss gjennom kunsthistoria på ein original måte og gir også barn og unge verktøy til å stille spørsmål, leite etter svar og "lese" kunst sjølve. Omsett av Øystein Rosse. «Ein fargerik boltretur gjennom kunstverda.» - School Library Journal
379,00 kr
Sider
94
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193411
Susie Hodge
Om forfattaren

Susie Hodge

(f. 1960) er historikar, forfattar, kunstnar og journalist. Ho har skrive meir enn hundre bøker om kunsthistorie, utøvande kunst og historie.