InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Do: ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

9–12 år
Ei morosam faktabok om doen gjennom historia og i framtida. Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det. Kva då? Går på do, vel! Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do. Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du må bæsje på ein u-båt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Alt dette og mykje meir får du svar på i denne boka. Do er eit djupdykk ned i doens historie, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Og framover i tid også, for kvar skal vi eigentleg gjere av all bæsjen i framtida? Boka er humoristisk illustrert av Flu Hartberg.
369,00 kr
Sider
52
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193893
Pia Strømstad
Om forfattaren

Pia Strømstad

er journalist og har skrive fleire faktabøker for barn tidlegare, mellom anna om spøkelse, julenissen, olje og 17. mai. For boka Olje blei ho nominert til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomsbøker 2011, i kategorien for beste fagbok.