Kom ikkje inn i mitt hus: roman

Skjønnlitteratur

Kom ikkje inn i mitt hus: roman

Berre ein siste, liten trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han greie med hjelp av makelause premiar og Enella Frø, ei dame som har forlese seg på dikt og som er sterkt plaga av tankesprang. Snart vekker dei nynorske diktarkorta harme og glede og tjuvar over heile landet. Austlendingane held krisemøte, og ein minister i regjeringa må ta sin globus og gå. Sagt om Når ein først skal skyte nokon (2010) "Det som først slår en i Koleruds roman er den absurde humoren. Nesten som en Vestlandets svar på Carl Hiaasen tar han leseren med på de mest utrolige episoder - alt i nynorskens fremme." Pål Andreassen, Moss Avis "Den hittil morsomste av årets bøker heter Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud, prisbelønt barne- og ungdomsforfatter, nå fullt og helt "allaldersforfatter", med en bok som jeg tror vil nå ut til alt fra gamle gubber til tenåringsjenter. Han tør å ta den noen steder litt infantile, flåsete humoren helt ut. Samtidig bryter han opp med flere fine poetiske passasjer som når Orm tar en pause fra nynorskaktivismen og drar ut med båten; "Berre hava var språklause. Det var ingen som snakka atlanterhavsk eller stillehavsk. Ingen snakka nordsjøisk. Eller midtfjordsk. På alle hav var alle språk heimlause." Endre Ruset, Romsdals Budstikke
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181579
Arnfinn Kolerud
Om forfattaren

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) vart Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Barneboka Snillionen blei nominert til Kritikarprisen og vann Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.

Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.