Jølster hotell: historier frå eit asylmottak

Generell litteratur

Jølster hotell: historier frå eit asylmottak

Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda sør for Mogadishu, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leilegheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket som ligg i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Dette er historia deira. Katrine Sele (f. 1972) er forfattar og arbeider med kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er fødd i Danmark, men oppvaksen mellom anna i Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho har vunne fleire prisar som journalist, og har blant anna gitt ut bok om kunstnaren Oddvar Torsheim og biografi om Kenneth Sivertsen.
299,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192414
Katrine Sele
Om forfattaren

Katrine Sele

Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkrådets språkpris for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen, og har sidan gitt ut Jølster hotell (2017) og Einars bok (2021).