Einar var eit barn som fryda seg over å oppdage verda. Han elska å gøyme seg i hyller, rulle i graset, bygge tårn og ake på madrass ned trappa. Han kunne gå kor langt som helst, om foreldra heldt han i handa. For sleppte dei taket, datt han.
Rett før Einar fylte to, fekk familien ein beskjed som øydela mange draumar: Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt. Dette er ei historie om korleis det er å bere eit barn gjennom det aller vanskelegaste. Det handlar om korleis vi møter døden, men også om dyrebare dagar og alt det uendeleg fine eit liv på fire og eit halvt år og éin dag kan innehalde.
Det er ei forteljing om Einars liv, men også om alle rundt han. Stemmene til dei som kjente Einar, blandar seg med stemmene til blant andre Seneca, Joan Didion, Roland Barthes og mange fleire i ei rekkje refleksjonar over kva det vil seie å elske og miste.
Sitat frå melding
["\u00ab\u00abSele skriver forbilledlig \u00e5pent om et kort, men begivenhetsrikt liv [...] Nyskapende bruk av biografisjangeren som kan gj\u00f8re det lettere \u00e5 snakke om sykdom og d\u00f8d.\u00bb\u00bb<\/span> - Gro J\u00f8rstad Nilsen, Bergens Tidende <\/span>","\u00abDet er en bok som tydeliggj\u00f8r de usynlige, uoversiktlige b\u00e5ndene mellom mennesker . hva det vil si \u00e5 v\u00e6re levende i en annens indre. [...] Sele er en fintf\u00f8lende forteller, hun er ikke redd for \u00e5 dvele ved detaljene som utgj\u00f8r et liv.\u00bb<\/span> - Kaja Schjerven Mollerin, Klassekampen <\/span>","\u00abfortellingen om Einar og familien hans (er) gjenkjennelig, tilgjengelig og allmenn. Det gj\u00f8r den til tider sterkt bevegende, likevel uten \u00e5 virke forslitt\u00bb<\/span> - Karen Fr\u00f8sland Nyst\u00f8yl, V\u00e5rt Land <\/span>"]
Bla-i-boka
Katrine Sele
Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho er busett i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkprisen. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen, og har sidan gitt ut Jølster hotell (2017) og Einars bok (2021).
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO